På dei to siste dagane er det no rydda klart til masseuttak i Toåa, grunnarbeid kor gapahuk skal setjast opp i Båthølen og samanslåing av ekrene rundt Båthølen. Dugnadsinnsatsen til todalingane desse dagane har resultert i godt over 40 timar frivillig innsats på to økter.
Etter at dagens dugnadsgjeng var ferdig er alt no nedhogd og rydda slik at entreprenør Per Gjeldnes får områ seg fritt. Han startar med å kjørte ut masse frå elva på mandag. Masseuttaket får førsteprioritet, da dette må gjerast før 15. september.
Gapahuken er under planlegging og skal stå i dette området. Etter kvart som tomta blir ferdig vil den forhåpentleg vis komme opp før vinteren. Den blir så kortreist som muleg, i å med at det er Talgø som er vald som leverandør.
Turstien er etter at tippemiddelsøknaden vart godkjent frå Fylkeskommunen med 690 000 kroner, no fullfinansiert.