Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vegvesenet rustar seg på vinteren

Jon Olav Ørsal Torsdag 6. september 2018

I Brusetmelan pågår det opprusting og utviding av vegen for å få på plass rekkverk før det blir vinter, fortel Nils Erling Skaalvik frå Statens vegvesen.  Her er det ei bit av vegen som er utan rekkverk og som har ein bratt kant rett ned i elva.  Her blir det fylt ut i elva med storstein og kanten mot vegen blir utvida slik at det blir plass til eit solid rekkverk. Vegen blir ikke breiare, men det blir som sagt rekkverk mot elva, seier Skaalvik. Vegen forbi anleggsområdet er stengt på dagtid, men bussar i rute og utrykningskjøretøy kan passere.

No blir Brusetmelan sikra – frå venstre Åge Vingsnes frå Mesta, Nils Erling Skaalvik frå Statens vegvesen og Jan Gunnar Andersen frå Mikkelsen Maskin. Prosjektet i Brusetmelan blir truleg ferdig i løpet av september. Foto: Jon Olav Ørsal

Her må det leggast på så store steinar at dei kan stå i mot både isfôr og skikkeleg flaumelv. Dette kom fort i gang no i sommar, og eg må berømme både grunneigarar og Todalen elveeigarlag for godt samarbeid i den forte planperioden, seier Skaalvik.  – Viktig å få dette på plass no før vinteren, etter som det er auka tungtrafikk her i Brusetmelan på grunn av problema med Øyabrua og Brusetbrua. Dette er sikringsarbeid som går utafor budsjetterte vegprosjekt og  dermed blir beslasta drift/vedlikehald.

Elvekanten blir forsterka med storstein og skal etter kvart gi plass for rekkverk. Foto: Jon Olav Ørsal

Asfalt på Bordholmvegen

Nytt er det også at det i løpet av hausten (oktober?) blir lagt ny asfalt på Bordholmvegen, frå Sandstad til Halsabrua. Der er det gammel asfalt frå 60-70 talet som held på og går heilt i oppløysing, og har den siste tida vore reparert oftare og oftare. No tek altså Vegvesenet affære og legg ny asfalt på denne strekninga. Dette blir asfaltert utanom asfaltprogrammet for å få også dette på plass før vinteren, og blir dermed belasta drifta. Her skal det ordnast slik at ein får bukt med problem med overvann, og vegbanen blir difor heva litt på enkelte plassar.  

Strekninga frå Sandstad til Halsabrua får ny asfalt i løpet av hausten. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Den gamle asfalten er i ferd med å gå i oppløysing på denne strekninga. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 6. september 2018, 12:05