Det var litt uvant å treffe på Veidekke-bil som jobba med vegstikker ovafor arboretet i Svinvika i dag. Men det er da kome til eit skifte frå Mesta som har drive vedlikehald på vegane her i mange år – no er det Veidekke som står for denne jobben. Dersom vi hugsar rett så blir dei å finne på vegane her i minst 7 år – kanskje lenger? Vi trefte iallfall Ole Peder Holten og Ola Svinsås som var i gang med å plassere ut vegstikker – dei to skulle sette ut korte stikker langs vegen som hadde rekkverk.
Neste veke startar jobben med å plassere ut resten av vegstikkene på Indre Nordmøre – det skjer med traktor og spesialutstyr for føremålet. Utplasseringa av vegstikker skal skje i september. Får faktisk håpe at det ikkje blir bruk for dem på eis stund enno, men det er da greit at dei er komne på plass når vinteren melder seg.