Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Vegstandard anno 1912/2012- stryk det som ikkje passar…

Vegstandard anno 1912/2012- stryk det som ikkje passar…

Elinor Bolme Tysdag 13. mars 2012

Todalen.no har i dag vorte kontakta av fleire grunna den elendige vegstandaren som no rår på Pilskaret. Vi har vel i grunnen sjølv også registrert elendigheita den seinare tid, men no har det forverra seg betrakteleg det siste døgnet. Så elendigt var det i går kveld at Åshild Halle ikkje såg anna rå enn å setje i ei vegstikke i eit av dei verste hulla, slik at passerande skulle bli merksame på hulla. Ho tok også kontakt med vakttelefonen for Surnadal kommune i går kveld for å gjera dei oppmerksame på problematikken. Og det resulterte i at Kolo Veidekke tok turen innover med ein gong for å sjå og merke det eine partiet.

Kolo Veidekke kom innover i går kveld og satte opp den orange kjegla som varsel. Åshild Halle haddde då tidlegare satt i vegstikka i det øvrige partiet.

 Åshild Halle «går under» i hullet.

 Heile grunnen dissar når Åshild demonstrerer korleis fatt det er med vegstandarden.

 

Vegstikka midt i vegen er vanskeleg å sjå i mørkret, så ver varsam anmoder Åshild. Bilistane har sakte men sikkert den seinare tida utvida vegen for å unngå dei verste hola. No kjem det mesta på eitt ut kvar ein kjøyrer. I følge delegasjonen som for i dag må dette vegstykket no prioriterast, saman med vegstykket i Evjå, nedanfor Nilsstua.

 Humpen i Evjå visest ikkje så godt på bildet, men du verden han merkast i verkelegheita.

Todalen.no hadde eit blogginnlegg om vegstykket på Pilskaret i 2010, det er nesten like aktuelt no og. Les Tøff_avgjørelse.

Alle foto: ElinorB

Publisert: 13. mars 2012, 20:27