Opninga av riksveg 671 vart opna etter plana idag. Faktisk skjedde det så snart vegen var klar i 13.30-tida, og dei første bilane var alt passert da Todalen.no’s kom dit. No blir vegen open gjennom heile helga, til måndag morgon i 8-tida og skulebussane har passert.

Oppryddinga har den siste tida gått fort unna, og derfor vart opninga flytta fram frå måndag ettermiddag til i dag. Dermed kunne BF Førdefjord ta siste turen frå Todalen kl 13.45 og hurtigbåten Tollesund tek siste turen frå Todalen kl 17. Etter klokka 17 i dag må todalingane bruke FV671 til all trafikk inn- og ut av bygda.
I neste veke fortsett arbeidet med opprydding og sikring. Da vil vegen blir stengt igjen, men da vil det bli open i periodar, slik som vist i tabellen nedafor:
Vegen er open alle kvardagar frå 20:00 til 08:00. I tillegg er han open:
Måndag: 1100-1130 og 1500-1700
Tysdag: 1100-1130 og 1500-1700
Onsdag: 1100-1130 og 1400-1700
Torsdag: 1100-1130 og 1500-1700
Fredag: 1100-1130 og 1400-1700
