På vegen opp til lysløypa/trimløypa på Tjønnmyran er vegen no stengt på grunn av trefall. Årsaka til trefallet er at bekken som går ned ombreidd med vegen har stor vassføring, og har gravd ut såpass med masse at det har ført til trefall over vegen.
Det er mykje vatn i omløp no, og elva er enno stigande. Dette har ført til litt utgraving i samband med veg og bekk som går oppover til Tjønnmyran. Det må sikkert ei gravemaskin til for å rydde opp i trefall og utgravingar etter kvart.