På sjølvaste valgdagen lovar entreprenørane og Statens vegvesen at vegen inn til Todalen skal opnast. Etter at det meste av ryddejobben er unnagjort, vil arbeidet med å rydde og utbetre sjølve vegbanen starte. Det er entreprenørane Mikkelsen Maskin og Vatn Maskinstasjon som har gjort ryddejobben, og som skal fortsette med vegarbeidet i neste veke, skriv tidsskriftet Våre veger, der sjefingeniør Ivar Hol er full av lovord om entreprenøranes arbeid i rasområdet.
Han reknar med at kostnadene som er knytta til raset som stengte fylkesveg 671 vil kost meir enn 15 mill. før ein er ferdig med opprydding og reparasjon av vegen. Han reknar med at det vil være muleg å opne vegen for kollonnekjøring måndag 9. september. Da har vegen vore stengt sia raset gikk den 31. juli, og trafikken inn- og ut frå Todalen har skjedd ved bruk av landgangsfartøy, ferge og hurtigbåt i denne perioden.