Dalavegen er stengt i Falla i Brusetmarka, der det er gått eit ras torsdag kveld. Gammelvegen, som er privat veg, er også vurdert som rasfarleg område, og vegen der er også stengt for trafikk. Surnadal kommune skal i dag vurdere kva som skal gjerast for å sikre atkomsten til Kårvatn og til oppsittarane ovafor Falla. Vegstenginga skaper problem for Kårvatn Fjellutstyr og deira verksemd som i dag har 3-4 arbeidsplassar på «butikken på låven».
På vegen opp Falla raser det forsatt ut masse og raskanten kjem stadig lenger inn på vegbanen. Både Todalen.no og oppsittarane ventar på nærare informasjon frå Surnadal kommune om kva som skjer vidare. Vi kjem att med meir informasjon etter kvart.