Vegatrappa gikk til topps i konkurransen om Nordlands flotteste fjelltur. Det var NRK Nordland som har nominert eit titals flotte fjellturar og laga ein konkurranse mellom lyttarane. Det var mange sterke konkurrentar som deltok i konkurransen, men sist onsdag var det altså klart at Vegatrappa gikk heilt til topps, og kapra heile 28% av stemmene. – Vegatrappa er bygd i regi av det lokale idrettslaget, medan det er selskapet Tresteg og Gunnar Almlid som står bak ideen til prosjektet som stod klart til bruk våren 2019.
Vegatrappa er bygd i Møre Royal frå Talgø, og at den er bygd i tre er nettopp den store styrken for trappa. Den er miljøvennleg og skadar ikkje vegetasjonen – ved eventuell skade på trappa kan ein kutte vekk seksjonar og bygge nye – transport foregår enkelt med helikopter. Vegatrappa har vore eit populært turistmål, og berre hittil i sommar der det rundt 10-12 000 personar som har besøkt trappa.
I tillegg til trappa har Talgø Bygg levert mange små hytter som leier ut til overnatting i området rundt starten på trappa. Det er ein enkel konstruksjon – enkelt utstyrt, og med plass til to personar som ønskjer å nyte utsikten og den fine Vega-naturen i kveldssola.
Her kan du lese i Brønnøysund Avis om saken i dagens avis