Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vegarbeid: Rustar opp Ramsøyvegen/Halanesvegen

Jon Olav Ørsal Torsdag 15. oktober 2020

På Ramsøyvegen/Halanesvegen pågår det vegarbeid no i haust. Det er Per Gjeldnes Maskin som er i full gang med å ruste opp vegen, slik at den skal tåle meir tungtrafikk – både landbrukstrafikk og trafikk i samband med skogsdrift.  Det er strekninga frå Brusetbrua og innover Ramsøydalan og vidare innover Halaneset til Romåbrua som no blir rusta opp. 

Dette er eit stort prosjekt som er kostnadsrekna til eit par millionar, og vil pågå no utover hausten og vinteren, seier Per Gjeldnes, som reknar med at det blir anleggsverksemd fram til jul – eller kankje enda leger utover vinteren. Det er i dag smal veg innover til halaneset og Gjeldnes sett pris på at det blir minst muleg trafikk på vegen i anleggsperioden.  Enkelte dagar vil nok vegen bli heilt steng for trafikk.  Folk som har tenkt seg på tur i området kan med fordel parkere ved hengebrua og starte turen til fots derifrå.

Det er Per Gjeldnes Maskin som har prosjektet med utbetring av Ramsøyvegen og Halanesvegen. Foto: Jon Olav Ørsal

Vegen innover til Ramsøya/Halanesset kan bli stengt i korte periodar i tida framover. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 15. oktober 2020, 08:46