Måndag pågår det arbeid med legging av nye stikkrenner på Dalavegen. Vegen er stengt for gjennomkjøring i Falla, og det er difor opna for omkjøring etter gammelvegen som går opp forbi Gammelfabrikken og dammen – denne vegen kjem inn på Dalavegen oppi Falla eit stykke. Gammelvegen er delvis grasgrodd, og du blir difor oppfordra til å kjøre forsiktig i den bratte skråninga forbi dammen.

Dalavegen er steng i Falla i dag på grunn av arbeid med å legge ned ny stikkrenne nederst i Falla. Omkøyring via Gammelfabrikken og gammelvegen oppgjennom Falla og inn på Dalavegen igjen. Foto Jon Olav Ørsal
Som sagt er det ei stikkrenne som skal skiftast, og ein reknar med at stengning og omkøyring kjem til å gjelde det meste av dagen. Det er Per E. Gjeldnes Maskin som har oppdraget med skifting av stikkrenner på vegne av Surnadal kommune.