I neste veke startar arbeidet med utbetring av vegen i øvre del av Falla (ved Kufallfossen), der noko av vegbreidda rasa ut i elva i vår. Fredag starta Per Gjeldnes Maskin arbeidet med å gjøre ferdig omkjøringsvegen, som skal gå i ei sløyfe om Tjønnmyra medan vegen i øverste del av Falla er stengt.
![Vegarbeid i Falla - vegen blir stengt i 5 veker](https://todalen.no/wp-content/uploads/2017/10/DSC_6717.jpg)
Her skal sprengningsarbeidet foregå – Vatn Maskinstasjon startar arbeidet neste veke og frå 6. november og i 5 veker blirvegen stengt her, og det blir omkjøring via Tjønnmyra. Foto: Jon Olav Ørsal
Det er Vatn maskinstasjon som har fått oppdraget med utbetring av vegen i Falla, og dei startar arbeidet med maskinflytting, tilrigging og skogrydding i neste veke. Frå måndag 6. november blir vegen stengt og autovernet demontert forbi området der sprengningsarbeidet vil foregå. Midlertidig omkjøringsveg blir om Todalen I.L.s skianlegg på Tjønnmyra, og vegen derom blir skilta. Vegen opp øvre del av Falla blir stengt til sprengningsarbeidet er sluttført og nytt autovern er montert, fortel Gunnar Bøe, som er oppsynsmann i Surnadal kommune.
![Vegarbeid i Falla - vegen blir stengt i 5 veker](https://todalen.no/wp-content/uploads/2017/10/DSC_6714.jpg)
Her går omkjøringsvegen opp til Tjønnmyra fra Falla. Litt bratt, men kommunen lovar skikkeleg strøing. Foto: Jon Olav Ørsal
Gunnar Bøe har god tru på at arbeidet skal bli ferdig innafor den tidsramma som er sett, og lovprisar den god samarbeidsviljen med berørte partar slik som bebuarar, grunneigar (Anita Talgø), brøytar (Gudmund Kårvatn), vegstrøar (Anders Karlsen) og ikkje minst Kårvatn fjellutstyr (Laila K. Bergli). Bøe håpar at det blir minst muleg problem med vegstenginga og lovar at det skal bli skikkeleg strødd om det blir glatt i perioden det pågår sprengningsarbeid.