Arbeidet med Dalavegen er kome langt, men det står enno att ein del oppfylling. det meste av fyllingsarbeidet ved Storenghølen er unnagjort, så her er det stort sett berre finpussen som står att. Ved Vassosen er vegen no ferdig utvida i breidda, men det står att ein god del oppfylling. Dette arbeidet vil forsette i neste veke, og difor blir vegen stengt på dagtid i neste veke også, fortel Per E. Gjeldnes ved Gjeldnes Maskin som har dette prosjektet.
Det blir fylt opp mellom 50 og 100 cm på dei mest utsette strekningane, slik at ein skal unngå at vegen må stengjast så snart det blir flomelv. Det har vore bruka stein og masse frå rasstaden til dette prosjektet, men den er no ¨brukt opp. Resten av fyllmassen må ein no henta lokalt i området.