Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Vedvarende telefontrøbbel

Vedvarende telefontrøbbel

Elinor Bolme Torsdag 27. desember 2012

Todalen.no har no dei siste timane prøvd å komme i kontakt med rette vedkommande i Telenor for å få ein uttalelse på kva estimat selskapet har for å rette opp feilen med telefonforbindelsen som manglar i bygda. Etter ei rekkje vidaresendingar, blandt anna til og frå dekningssjef Bjørn Andersen, fekk vi til slutt vakthavende pressetalsmann Anders Krokan på tråden. Han forsikra at dei no har kraftmannskap ute for å sjekke om det er strømtilførselen det er noko i vegen med. Desverre kunne han ikkje love noko eksakt tidspunk for når feilen kan bli retta, men han lova å halde redaksjonen oppdatert på vidare framgang i saka.

Kroken bekrefta at 90 fasttelefonar i Todalen, samt alle mobilabonentar som oppheld seg i området var berørt. Han meinte også at deler av Bæverfjord var ramma. Dagens beredskapsvakt i Surnadal kommune, Inge Skogheim hadde også i løpet av dagen forsøkt å få Telenor i tale vedrørande feilen utan særleg hell. -Men vi må være såpass optimistiske å tru at det blir i orden i løpet av torsdag, sa han til todalen.no. Det gjenstår å sjå. Difor opprettheld beredskapsvakta og brannvesnet i Todalen beredskapen med satelitt-telefonen for å sikra bygdefolket om behovet skulle være der for øyeblikkeleg hjelp.

Publisert: 27. desember 2012, 15:44