Laurdag var det dugnad i Småbåthamna på Kvennset. Den eldste delen av flytebryggja er no over 30 år, og det er behov for å pusse opp pontongane og leggje nytt dekke, fortel ledar i Todalen Småbåtforening Lars Stensby. Derfor vart dei to eldste elementa i anlegget sett på land for oppussing. Det gamle dekket og treverket vart rive av, og til våren skal det leggjast nytt.
Til våren skal også pontongane rensast og pussast opp, og dei skal få eit nytt lag med glassfiber og topcoat. Det er plana at arbeidet med renovering av dei to bryggeelementa skal være ferdig i god tid før ny båtsesong tek til, seier ledar i Todalen Småbåtforening Lars Stensby.