Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Vedlikehald i godveret

Vedlikehald i godveret

Elinor Bolme Måndag 14. mars 2011

På føremiddagen i dag var det jamn trafikk av eit helikopter i nedre deler av Todalen. Det var firmaet e.on som i dag dreiv med forberdelsar til vidare vedlikehald av kraftlinja som går igjennom dalstrøket, Aurelinja, som den og heiter.

Karane som todalen.no slo av ein prat med, var sers nøgd med oppdraget så langt. Dei skrytte både av kor bra veret hadde vore under arbeidet så langt, og  kor fin bygda vår var. Dei påstod at dei hadde vore i kontakt med sola så og seie kvar dag dei hadde vore ute på dette oppdraget sia januar.

 Går fort for seg med slik effektiv transport.

Bakkemannskapet hektar på ei ny last.

 Og så bars det uti stranda for å losse.

 Kald trekk…

Alle foto: Elinor Bolme

Publisert: 14. mars 2011, 22:31