Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Veden varmar fleire gong

Jon Olav Ørsal Torsdag 24. november 2022

På vegkanten på tur til Kårvatn trefte vi to som var i full gang med vedhogging.  Det kan kanskje sjå slik ut at dei er seint ute med vedhogginga no, men nei – dei er heller tidleg ute, for dette er ved til neste vinter, fortalte dei to – Elin Kårvatn Gulla og Stig Are Gulla.  – Dei ville nytte det fine haustvêret til å drive litt vedhogging.  Og vêret var nok heilt prima, for det var fønvind og 7-8 varmegrader da dei dreiv på like ved Vassosen.

Dei hadde gjort avtale med Anita Talgø på Talgø Gard om å drive litt tynningshogst og rydding av lauvskog i området rundt Vassosen, og alt etter eit par dagar hadde det vorte til ei stor vedrøys.  Blandingsved med bjørk, rogn og older var det i røysa – ved som blir god å finne når kulda kjem neste haust.

Elin og Stig Are driv tynningshogst ved Vassosen på vegen opp til Kårvatn. Snart blir det kapping og kløyving som står på programmet. No gjeld det å nytte det fine haustvêret med fønvind og varmegrader. Foto Jon Olav Ørsal

– Vi satser på at vi skal hogge såpass mykje at vi har nok for neste vinter.  Straumen er så dyr no att vi må satse på sjølvhoggen ved, slik at vi kan halde straumrekninga på eit anstendeleg nivå, seier Stig Are som er glad at dei alt har mykje fin og tørr ved å fyre med også denne vinteren.

Publisert: 24. november 2022, 14:11