Vaulens venner inviterer til å bli med på markaslått på Vaulen på Nordmarka laurdag og søndag (11.-12. august). Det kan bli forskjellige oppdrag, men den årlege markaslåtten har 1.-prioritet. Det blir tradisjonell matservering med rømmegraut og spekemat.
Alle som ønsker det kan overnatte på Vaulen både frå fredag og laurdag til søndag. Dersom arbeidsoppgåvene blir ferdige laurdag blir det vurdert å avslutte Vaulahelga på laurdag. Overnatting er sjølvsagt gratis (ta med sovepose).
Dei som ønsker båtskyss må møte opp ved Solåsvatnet eller Krokvatnet kl 08.30 laurdag (ev. søndag morgon). Vi håper så mange som muleg vil sette av denne helga til triveleg samvær på Vaulen, seier Even Sande som er sekretær i Vaulens venner.
Ta kontakt med Even Sande på telefon 900 35 895 dersom du har lyst til å bli med.