Vaulens venner inviterer til deltaking i slåttaarbeid på markagarden Vaulen på Nordmarka førstkomande helg. Det skjer ei helg i august kvart år, og er med på å halde slåttemarka rundt husa i hevd og tek vare på kulturlandskapet. Det er anledning å møte opp både lørdag og søndag. Båtskyss kan ordnes frå Solåsvatnet og Krokvatnet kl 08.30 begge dager. Det er fint om dei som eventuelt møter opp tar kontakt med Even Sande tlf 900 35 895.
Det er Surnadal kommune som er eigar av markagarden i dag, og her kan du lese meir om Vaulen og bruken av eigedomen i dag. Vaulens venner stiller opp på ymse slags dugnadsarbeid, slik som markaslått og ymse vedlikehaldsarbeid.