På Kårvatn er det fortsatt vanskelegheiter med vatnet. Dele av ei bru gjekk der i helga då det var flaumtilstandar der. Vatnet har fortsatt ikkje gått ned til normalen, noko som gjer at posten til dømes ikkje har vore der denne veka.
Vegen er farbar, men det ser berre litt voldsomt ut når vassmassane dukkar opp framfor ein der elva går nerast vegen, ved Hesthagen for eksempel.
Ein lyt forsere tre slike store dammar for å komme fram til Kårvatn. Dette er forøvrig den minste.
Ved hyttefeltet gjekk bekken over sine bredder og tok med seg rekkverket på ei forholdsvis nybygd bru.
Store vassmengder i vegen, her rett ved garden vendt heimover, (for oss som ikkje bur der).
Alle foto: Elinor Bolme, på ettermidagen i går.