Halset Vasslag sine abonnentar på Todalsøra har vore utan vatn sidan tysdag kveld på grunn av eit røyrbrot. No i ettermiddag vart røyrbrotet lokalisert. Det er eit gamalt jarnrøyr som har sprukke og må skiftast ut. Dette arbeidet må gjerast på fjærande sjø, så arbeidet kan først ta til i morgon rundt klokka 13:00. Håvard Halset i Halset Vasslag reknar med at alle abonnentane som er råka av røyrbrotet på Todalsøra, vil ha vatn i kranane att ut på ettermiddagen fredag.
Det er i tillegg til det lokaliserte røyrbrotet på leidningsnettet til Halset Vasslag, eit anna røyrbrot i området rundt Inneråa. Dette brotet er ikkje lokalisert nøyaktig endå, men arbeid med dette vil bli påbegynt så snart ein har fått reparert brotet på Todalsøra. Det siste brotet råkar ein av abonnentane til vasslaget, avsluttar Håvard.