Inge Skogheim ved Surnadal kommune melder no om at alle abonenntar med tilknytning til Bjøråa vassforsyning har fått vatnet tilbake. Han fortel at kommunen har ein viss kontroll over problemet, men at abonnentane lyt vise måtehold med vassforbruket om dette skal vedvare. Teknisk avdeling på kommunen har så langt strupa til utløpsventilen slik at vassmengda som kjem ut, ikkje er på maks. Dei vil etterkvart prøve å gjere fleire tiltak for å få betra dette, fortel Skogheim. Etter den lengre kuldeperioden vi har vore inne i er dette no eit problem fleire plassar i kommunen.
Todalen.no får opplyst at det er 25 abonnentar som er berørt, og da med ein abonnent som har dyrehald (Ramsøya).
Sjå på Surnadal kommune si nettside for meir info:Bjøråa_vassverk