Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vatn i rørene igjen frå Bjøråa – innimellom..

Jon Olav Ørsal Laurdag 19. juli 2014

Befalsvakt Gunnar Bøe melder at vassleveransen frå Bjøråa vassverk er komen i gang igjen, men med litt redusert trykk og ustabil leveranse. Det er problem med UV-anlegget som er årsak til problema. Det siste er at det blir heilt stopp i leveransen igjen ein kort periode, for å prøve å få leveransen stabil.

Gunnar Bøe fortalte tidlegare i dag at han har rekna med stabil drift fram til den endelege reparasjonen kunne utførast, og han sjekket att Todalshytta som er ein av dei høgstliggjande abonneneta hadde tilfredstillande trykk.

Men slik gikk det ikkje. Bøe har hatt ein travel dag på vakt, så han var glad at han vart bydd på ein matbit på Todalshytta da han var innom der for å sjekke. Men på veg heim måtte han gjera vendereis og tilkalle forsterkningar når problema oppsto på ny.

Publisert: 19. juli 2014, 16:12