Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vatn både gjev og tek liv

Elinor Bolme Laurdag 1. april 2017

Akkurat no er det ei kritisk tørke i fleire afrikanske land. Over 660 millionar menneske må drikke ureint vatn. Den 4. april kl 17 skal Todalen kyrkjelyd gjere sitt bidrag når Fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp feirar 50 år.

Det er i kriser at tilgangen til vatn er ekstra kritisk. Om det vert bygd brønnar i vanlege tider, så er det fleire menneske som får tilgang til reint vatn når ei tørkekrise slår inn, slik den gjer i Somalia, Sør-Sudan og landa rundt Tsjadsjøen akkurat no.

Kirkens Nødhjelp jobbar alle desse stadane, og i fjor fekk organisasjonen inn 34 millionar kroner under sin fasteaksjon. Pengane sørger for at mange tusen menneske får tilgang til reint drikkevatn, og på den måten reddar menneskeliv.

Landsdekkande aksjon gjennom 50 år

– Det er stort å få være en del av en landsomfattande aksjon, der kyrkjelyder over heile landet går saman om å gje fleire reint vatn. Mange vil seie at det ikkje er vår oppgåve å sikre reint vatn til folk i andre land, men som kyrkje er vi del av ei verdsomfattande rørsle, og vi i Todalen kyrkjelyd skal ta vår del av ansvaret, seier Britt Mossing, leiaren i Todalen sokneråd.

Fasteaksjonen finn stad i byar og bygder over heile landet, og det er i år den 50. gongen at Kirkens Nødhjelp arrangerer aksjonen. I år er også Fasteaksjonen den diakonale delen av Den norske kyrkja si markering av at det er 500 år sidan den lutherske reformasjonen.

I fjor vart det samla inn 102.100 kroner i Surnadal kommune, i Todalen vart det samla inn 9738 kr. Det er vi veldig godt nøgde med, men det hadde jo vore moro å samle inn endå meir i år.

Millionar med ureint drikkevatn

– Diakoni er ein heilt sentral del av ei kyrkje si verksemd, og Kirkens Nødhjelp er stolte av å vere den diakonale delen i 500-årsmarkeringa av reformasjonen. Vi veit også at dette jubileet vert feira i kyrkjer i landa kor vi driv naudhjelp og bistand, og det er fint å sjå korleis tru kan bygge bruer, seier generalsekretær i Kirkens Nødhjelp, Anne-Marie Helland.

Over heile Noreg vil frivillige banke på dører frå den 2. til 4. april slik at flest mogleg får sjansen til å støtte arbeidet for reint vatn til fleire. Gjennom dei 50 åra Fasteaksjonen har blitt arrangert har ein million nordmenn gått med bøsser, og fleire hundre tusen menneske har fått hjelp på ulike vis.

I år er det reint vatn som står i sentrum, for sjølv om reint drikkevatn er ein rett alle menneske har, så er det likevel millionar av menneske som ikkje har tilgang til slikt vatn i dag.

– Det har Todalen kyrkjelyd tenkt å gjere noko med saman med Kirkens Nødhjelp. Vi vil besøke så mange heimar som mogleg, slik at flest mogleg kan få sjansen til å støtte Kirkens Nødhjelps arbeid, og at fleire på den måten kan få reint drikkevatn. Ha derfor kontantane klare frå 17 o utover på tirsdag, oppfordrar Britt Mossing som er KN-kontakt i Todalen sokneråd.

 

Først publisert: 1. april 2017, 12:00 - Sist oppdatert: 31. mars 2017, 21:05