Fredag kveld inviterte Surnadal jeger- og fiskeforening til fisking og sosialt samvær på Kårvatn. Dessverre var det elendig vêrbruk denne ettermiddagen, så få tok turen oppover til sommarfjøsvollen på fisking og grilling. Elva var i største laget, så det vart heller ingen storfangst. Men eit par stykker var unggutane i kontakt med.

Unggutane fekk kyndig hjelp av erfarne fiskarar. Stor elv og tett på lauvskog gjorde at det var litt vanskeleg å få dreisen på kastinga.

Gøran Bolme og Ola Vikan fiskar med mark, og opplæring i korleis tre på mark var obligatorisk.

Berit Kårvatn, ein erfaren fiskar frå Sommarvollbrua viser Markus Bolme dei beste plassane ein kunne fått fisk på.

Ola Røe og Rune Forslund hadde fyringsvakt, og små fingrar behøvde litt varme undervegs. Ola og Rune serverte grilla pølser, stekt sei og naturleg vis bålkaffe.

Eit elendig bilde, men historia i rundt er artig; underteikna skulle imponere med gamle kasteferdigheiter som gikk rett til skogs… Gøran Bolme forlot sin fiskekompis Ola på brua for å klive opp i treet og løsne kroken. Stakkars Ola fekk fisk på kroken og i forfjamselsen med onkel i treet og ei vilt framand kjerring som prøvde å hjelpe til, medan ho tok bilde, resulterte i at den vesle steta nesten vart veiva i inn i snella. Kroken berga, men fisken mista vi…