Lars Redalen har ein fast prosedyre kvar mogon. Da rullar han ut vass-slangen frå fjøset i Austigarden til fjøset i Viastua for å kople seg på vassanlegget. Det har han gjort i godt over 2 månader no, heilt sia vatnet fraus i midten av januar. Og framtidsutsikta er nok å fortsette med det, kanskje heilt til 17. mai og kanskje lenger. Det er påvist at telen enkelte plassar går meir enn 2 meter ned, og det er enno titals kuldegrader om natta.
Det blir litt tungvint i det lange løp, innrømmer Lars. Dei bor to familiar i Austigarden, og i påska ventar dei påskegjestar! Men vi gjer det beste ut av det, og det er nok berre utruleg kva ein blir vant til, seier han. Samtidig rosar han Gudmund i Viastua som er velvillig vassleverandør gjennom ei glipe på vinduet i Viastufjøset.
Og kaldvêret kjem til å fortsette, seier Lars. Som lokal vêrspåmann veit han kva han snakkar om, og han har nok studert almanakken for å prøve å finne ei løysing på vassløysa og kaldvêret. Men der er det inga hjelp å finne, for alt tyder på at det ikkje blir noko skifte før i månadsskiftet april/mai, slår han fast. Vi får berre vente og sjå kor det går!