Laurdag 15. desember startar billettsalget for julerevyen i Todalen ungdomshus 3. juledag. Det er Todalen Idrettslag som er arrangør, og laget fører dermed lange tradisjonar med julerevy vidare. I år er dei forøvrig attende til hovudscena med ekte revyframføring, etter nokre år med julekabaret som har vore framførst som eit slags serveringsteater. – Det er no godt å være tilbake på hovudscena med ekte revyframføring på programmet, seier Borghild Talgø som er ledar i fotballgruppa og festsjef.
I år som i fjor er det to framsyningar, der dei startar med kombinert framsyning og generalprøve kl 15. Det blir ei fullverdig framsyning, som passar godt for den som ikkje har spesielle ønske om å ta del i festa om kvelden. Da blir det etterpå servering av kaffe og kaker til publikum.
Hovudframsyninga på kvelden startar kl 21, men dørende opnar alt kl 20 for start på serveringa. Da blir det høve til å kjøpe ein godbit som kan nytes i fred og ro, før framsyninga startar. Det blir og høve til å kjøpa mat i pausen, og ett at framføringa er ferdig. Etter revyframføringa blir det muleg å få ein svingom, da tomannsorkesteret «Gøy på landet» med Svein Håvard Saksen og Torbjørn Kvande vil sørgje for variert dansemusikk.
Slik som tidlegare blir det førehandssalg av billettar på Matkroken L. Hals. Det startar laurdag og held fram utover veka i opningstida til butikken. Resterande billettar selges ved inngangen på revyen 3. juledag. Og her gjelder som vanleg regelen for «først til mølla…», og det vil ikkje være muleg å bestille billettar på telefon, for det blir det berre rot av, seier Borghild Talgø, og anbefaler å få ein kompis til å kjøpe billett dersom du ikkje har høve til å kjøpe sjølv.
Revygjengen er no godt i gang med øvingane og dei lovar at det skal bli ein god og underhaldane revy på 3.-dagsfesta. Dei har mykje godt stoff og det blir mykje song og musikk, så det er nok lurt å kjøpe billett så du er sikra plass i salen når teppet går opp for ny julerevy i Todalen ungdomshus.
Billettprisane er kr 50 på første framsyninga/generalprøven og kr 200 på hovudframsyninga.