Oppryddingsarbeit etter brannen i Bekkerhagan i sommar går sin gang. Mykje røyk og sot på utsida av to av nabohusa får denne veka ein skikkeleg omgang med rundtvask. Det er firmaet Cleenzone frå Eidsvåg som har fått det oppdraget gjennom Polygon som har prosjektet med reingjering etter brannen.

Anders Olsen Sandnes og Knut meisingset bruka mykje vatn og kjemikaliar og fekk vaska vekk sotet frå husveggane. Foto Jon Olav Ørsal
Dei to frå Cleenzone, Anders Olsen Sandnes og Knut Meisingset fortel at røyklukta heng godt i når hus blir utsett for røyk og sterk varme, men dei brukar gode kjemikaliar og høgtrykkspylar for å fjerne røyklukta – denne prosessen har dei god erfaring med. Dei reknar med å bruke eit par dagar på jobben og håper at resultatet blir bra.

Dei to frå Cleenzone fekk vekk sotet frå husveggane – Øystein Moe som var nabo til husbrannen i Bekkerhagan gir ros til lokalt brannmannskap som var raskt på pletten og redda nabohusa. Foto Jon Olav Ørsal
Øystein Moe som er ein av huseigarane fortel om dramatikken som skjedde brannkvelden og er glad for at det ikkje gjekk på skade med liv og helse, og trur at resultatet av husvasken blir bra, sjølv om det var mykje sot og røyklukt som heng godt i.