Måndag føremiddag var 6.-klassingane på Todalen og Stangvik oppv3ekstsenter på todalstur – nærare bestemt i Austistua på Hala – det det var annonsert kuslepp. 42 våryre kyr og kviger vart slepte ut i sola og finvêret. Det var nok litt av eit sjokk, for vi fekk oppleve mange kåte sprell, og det var nok ikkje alle som var så spreke som dei trudde – litt stivt og sterve må ein rekne med etter eit halvår innendørs.
Olav Halle, som var verstskap for seansen fortalte at det var mykje meir styr med kuslepp før, når dei hadde stått på bås i gamle fjøs med dårleg belysning. Da var nok sjokket enda større og kondisjonen mykje dårlegare. Han fortalte også at når kyrne går i lausdrift, så er rangordninga alt på plass og dermed blir lite kamp om posisjonane.
Elevane tykte dette var fin avveksling til den vanlege skuledagen, og stas var det også når dei fyrte opp grillen for å servere grillpølser til heile gjengen etterpå. Det kan vel faktisk være nyttig å lære litt om matproduksjonen i nærmiljøet – vi har vel den siste tida fått ei påminning om at vi har berre 35% sjølvforsyning, og dermed må impirtere 65% av maten vår.