Vi har fått tekst og bilder fra Stangvik Aldersheim, der Borghild B. Talgø arbeider som aktivitør. I forrige veke var dei på tur til Todalen, og Borghild skriv til Todalen.no: «I forrige veke fekk vi invitasjon til å kome til Åse og Kåre Øyen på Brubakkan for å sjå på lamma. Vi vart så gla! Buss vart ordna, og kjekk sjåfør vi fikk, da Eirik tok oss med til Todalen.
Korg med godt i vart det også, og så flott ein dag! Åse og kari fekk snakka om lamminga og fortalte historier. Ho «Litjmor» på 14 dager var med oss ut etter besøket i fjøst, til stor glede for oss alle. Etterpå vart det trivelig kaffelag, og varm og godt i solveggen. Takk til vertskapet!
Etterpå vart det rundtur i Todalen, med margit som guide i framsetet. Takk for ein flott dag!»
Bildegalleri fra turen til Todalen. Alle bilde: Borghild B. Talgø