Da Eiksentret flytta verksemda si til Syltøran inviterte dei sine kundar til det første vårtreffet – sia har det vorte ein årleg tradisjon med unntak for eit par «pandemiår.
Fredag og laurdag denne veka går årets arrangement av stabelen, og da vi stakk innom fredag føremiddag var det alt mange kundar på plass. Som vanleg er dette årets store mønstring av utstyr til jordbruket, både traktorar og utstyr til både våronn, slåttonn og annna utstyr. Som vanleg er det servering av rømmegraut i teltet, og har kan du sjølvsagt treffe både naboen og andre kjente som det går an å slå av ein prat med.
Sjølvsagt er det også utstyr til hagebruket å få kjøpt på slike dagar – både plenkløpparar og robotkløpparar og ikkje minst motorsager, kantkløpparar og anna utstyr som er kjekt å ha. Utstillinga er open fredag og laurdag. Laurdag er det mange aktivitetar og da er det ope 10 – 15.