Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Vårteikn: Snart opnar Hageland…

Vårteikn: Snart opnar Hageland…

Jon Olav Ørsal Onsdag 3. april 2013

På Hageland og Byggmakker i Surnadal er det travle tider.  Elektrikere, rørleggere og andre handverkere spring rundt kvarandre for å bli ferdig i tide, samtidig som dei tilsette på Hageland, Flisekompaniet og Byggmakker jobbar med utstillingar og vareplassering. Men det er system i kaoset, og det er lett å sjå at det for kvar dag som går blir det meir og meir orden på sakene.  Torsdag 18. april skal alt være klart for å slå opp døra og sleppe inn forventningsfulle kundar.

På Byggmakker Surnadal får dei ei heilt ny avdeling med Flisekompaniet, og dei får ny utstilling av bad og kjøkken i tilknyting til den nye fliseavdelinga. Flisekompaniet er heilt nytt i Surnadal, og dei får ein komplett flisebutikk i Byggmakker som er blir som ein «shop in shop».  Her blir det lett å få inspirasjon når ein skal renovere bad og kjøkken, seier  Ivar Helge Kvendset som er butikksjef på byggmakker.

Hageland Surnadal er også heilt nytt, og som namnet fortel er det eit hagesenter som er knytta til Hageland-kjeda, men det er Talgø Invest som står attafor denne satsinga. Hagelandkjeda har rundt 50 hagesentre rundt heile landet, frå Kristiansand i sør til Harstad i nord, fortel butikksjef Ingeborg Langan Børset. Ingeborg er utdanna gartner, og ho har lang erfaring med drift av hagesentre, sist frå Viddal Hagesenter i Spjelkavik før ho og ektemannen flytta til Surnadal. No gler ho seg til å opne dørene på Hageland Surnadal. Her har ho fått med seg ein gjeng på 5-6 ivrige medarbeidarar som alt er i gang med å førebu opninga den torsdag 18. april.

Det nye hagesentret blir på totalt 4000 m2, der ca 2600 m2 er under tak. I det nye hagesentret vil du finne hagemøbler, blomster og planter, jord og gjødsel, redskaper, interiør, Talgøs OutLiving-kolleksjon og tilhørende utstyr for hus og hage. Uteområdet på rundt 1400 m2 blir nok ikkje klart til opninga, men også busker og utevarer skal kome på plass til det blir meir vår i lufta og klart for utplanting, fortel Børset.

Todalen.no tok turen til Hageland, og fikk aller nådigst kome inn og sjå det nye hagesentret som snart er klart for opning. Nedafor finn du eit bildegalleri frå aktivitetane som pågikk.    Alle foto: Jon Olav Ørsal

Først publisert: 3. april 2013, 20:10 - Sist oppdatert: 4. april 2013, 06:15