Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Vårteikn frå Romålia

Vårteikn frå Romålia

Jon Olav Ørsal Sundag 18. april 2010

Det er Jon Bruset som har plukka dei første kvitveisane i år. Dei er funne oppi hamrane ovafor Høghjellen i Romålia. Oppi der brukar kvitveisen  å vera mykje tidlegare ute, og snøbygene dei siste dagane setter nok ikkje akkurat fortgang på blomstringa.

Liljekonvallen er også seinare enn vanleg i år, vil nok først kome nærare midten av mai trur Jon.

Publisert: 18. april 2010, 21:49