Det er Jon Bruset som har plukka dei første kvitveisane i år. Dei er funne oppi hamrane ovafor Høghjellen i Romålia. Oppi der brukar kvitveisen å vera mykje tidlegare ute, og snøbygene dei siste dagane setter nok ikkje akkurat fortgang på blomstringa.
Liljekonvallen er også seinare enn vanleg i år, vil nok først kome nærare midten av mai trur Jon.