Nokre utenlandske turistar på fottur i retning Bjøråskaret måtte måndag kveld ha assistanse for å finne vegen nedatt. Dei hadde starta frå Innerdalsmerket og gått etter turistlina i retning Bjøråskaret. På turen nedatt kom nok haustmørkret litt fort på, og dei mista kontakten med den merka stien (turistlinja frå Innerdalsmerket til Innerdalen).
Etter kontakt med naudnummeret organiserte den lokale politivakta lokale kjentfolk etter at deira mobiltelefon var peila inn så nokon lunde. Dei hadde kome eit stykke ut frå stien og hamna i nedre el av Bjøråøyann, der dei raskt vart lokalisert. Dei var litt nedkjølte, men elles i fin form, og fikk hjelp til å kome seg ned til bygda igjen.