Den utenlandske sjåføren vart nok lurt av GPS’n, da han tysdag tok av i Melhuskrysset og kjørte gammelvegen mot Todalen. Det vart i allfall stopp da han kom til den overste svingen med sin semitrailer. Da måtte det kjettingar og redningsbil til for å kome på rett kjøl igjen.
Det er no 11 år sia det vart ny riksveg 671 frå Hauahyllå til Åsbø på vegen inn til Todalen. Fortsatt er det sjåfører som kjører på gamle versjonar av kartet på sin GPS. Det er no privat veg frå Melhuskrysset til Åsbø.