Iver Holen sikra seg 4.-plassen under dagens konkurranse i vertikal i den italienske fjellandsbyen Crevacol. Isak Drøpping måtte melde forfall i dag, men hadde ein stor dag i går, da han sikra seg 2.-plassen i sin klasse i sprinten. Dei to var tekne ut for å delta i helgas WorldCup i alpelandsbyen Crevacol i Italia.
Iver Holen kom i mål 22,3 sekund etter vinnaren som er kinesiske Langjia Gongson, som forøvrig også vann gårdagens konkurranse i sprinten. No tek dei to på heimveg frå Italia og kan ta ein velfortjent juleferie heime i Noreg – før det ber ut på nye eventyr i neste år.
Her finn du resultatlista frå dagens konkurranse i vertikal i Crevacol: