Ein kronhjort som prøvde å ta seg over Toåa ovafor Storfossen hadde ikkje akkurat hellet med seg. Hjorten mista sikkert fotfestet og dermed bar det utfor fossen og da er sjansane små i slike vannmassar som det er no. Vassføringa i Storfossen har dei siste dagane lege mellom 35 og 60 m3/sek.
Men hjorten har sikker vore i live og klart å kare seg i land ved Falløya, men her var det nok slutt både på krefter og liv. Den vart funne ved ekkerkanten og da var den daud. Dermed har ein med fallvilt å gjera. Når ein treffer på fallvilt i skog og mark er det mest vanleg at naturen får gå sin gang, men når dyr blir liggande så nært bebyggelsen er det naudsynt å fjerne dei – ikkje minst pågrunn av lukta. Her ka du lese meir om regelverket for fallvilt på portalen hjortevilt.no