Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vårsprell med mykje latter

Jon Olav Ørsal Sundag 7. mai 2023

Vårsprell 2023 kom vel i hamn med sin revy på kulturhuset laurdag kveld.  Det skal jammen være god underhaldning når du skal halde koken i 3 stive timer og samtidig ha stigning i programmet.  Her kunne du berre lene deg godt tilbake i stolen og nyte det som kom frå scena – her var det samla mykje god scenekunst som gjennom kvelden fikk latterdøra på vid vegg.

Klokkespill – frå ventre Håvard Halset, Ken Marius Pedersen, Dan Roger Pedersen og Kikki Moe (song) Foto Jon Olav Ørsal

 

Av lokale kjendisar var det Laila og Torill som hausta applaus for forskarinnslaget «Kvinnekroppen» der Laila doserte på sjølvsikkert vis om kvinnekroppen og dens mysterium.  Vidare framførte Kikki, Håvard, Ken Marius og Dan Roger skjetsen «Klokkespill», der Kikki stod for songen og mannfolka stod for klokkespellet.  Begge skjetsane er henta frå ein av TIL’s julerevyar i Todalen. 

Forska på kvinnekroppen – Laila K. Bergli og Torill Talgø hausta applaus for sitt bidrag som dei kalla «Kvinnekroppen». Foto Jon Olav Ørsal

Elles var det mykje god underhalning gjennom kvelden, og det var godt å få bruke lattermusklane gjennom 3 timar med revyunderhaldning, der vi møtte både lokale og innleide underhaldningskrefter.  

Ingun og Line song om «Skimuseet» – ei knakande god tekst. Foto Jon Olav Ørsal

Canilla Hyttebakk doserte om og viste fram det kompliserte slektstreet sitt – foto Jon Olav Ørsal

Hektisk programleiing – Tove og Tove Merete – her saman med «Mossa». Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 7. mai 2023, 02:25