Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vårsongkveld i Todalen kyrkje

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 3. juni 2021

I går kveld var det vårsongkveld i Todalen kyrkje. Når sant skal seiast, så har vi akkurat gått inn i sommarmånadane, både på kalenderen og temperaturmessig, men namnet skjemmer som kjent ingen, og det vart ein fin songkveld med både allsong og solonummer! Eit lite trettital hadde «trossa» finvèret og teke turen til kyrkja, noko dei ikkje angra på. 

Leiar i Todalen sokneråd, Kristian H. Gjeldnes, ønskte velkommen! Foto: B G Ansnes

Ronny Kjøsen trakterte orgel, gitar, piano og trekkspel, medan Marit Løfaldli var solist og forsongar saman med nokre av medlemmene frå P17-koret. 

Ronny introduserte songane og salmane med historiske historier og faktaopplysningar, noko som gjorde kvelden òg til ein interessant historietime!

Her framfører Marit Løfaldli eit av solonumra sine. Foto: B G Ansnes

Det var ei fin blanding av allsong og solistnummer av Marit Løfaldli. Mange kjente salmar og songar sto på repertoaret under vårsongkvelden. Marit Song:

  • Vårsøg
  • Den første løvetann
  • Visa vid vindens ängar
  • Kom sommarvind
  • Idas sommarvisa  

 På allsongrepertoaret var desse songane og salmane med:

  • No livnar det i lundar
  • Nå er det morgen (Morning has broken)
  • Guds kjærleik
  • Fagert er landet
  • Så grønn en drakt
  • Den blomstertid nå kommer
  • Den prektigkledde sommerfugl
  • Himmel blåner for vårt øye
  • Fager kveldsol
  • Må din veg komme deg i møte

 

Publisert: 3. juni 2021, 05:37