Søndag 29. mai klokka 11.00, blir det oppvisning av Todalspols i Slettneset hos Slettneset steinovnsbakeri på Nordvik. Det er Rune Hanem og Silje Osnes som dansar. Dei er to av landets beste Todalspolsdansarar.
Hos Slettnesset steinovnsbakeri vil vi denne søndagen få ein føremiddag i folkemusikkens, folkedansens og kaffelagets teikn. Her blir det oppvisning i Todalspols, og ekte nordmørsk folkemusikk. Vårsøghelga får denne føremiddagen besøk av somme av dei fremste utøvarane av folkemusikk og folkedans på Nordmøre. I tillegg fyrer Karin opp steinovnen og sel kaffe og bakverk.
Silje Osnes og Rune Hanem, dans, Gro Kjelleberg Solli, kveding, Øystein Sandbukt, gitar og Torgeir Leivdal, fele.
Vårsøghelga ønsker alle velkommen til Slettneset!