Idag dreg Vårsøghelga i gang eit omfattande og variert program som går over 4 dagar. Kleivakvelden som i år er flytta til laurdag kveld er sjølvsagt juvelen i programmet, og byr mellom anna på Wenche Myhre, Anders Eljas og duoen Henning Sommero og John Pål Inderberg. Søndag ettermiddag tek Vårsøghelga ein avstikkar til Todalen og Todalshytta med familiedag kl 15.00 med «Rasmus Rohde og verden beste band».
På Todalshytta skal det etter plana bli premiere for ny utescene denne dagen, og det gler vi oss sjølvsagt til. Men som sagt har Vårsøghelga eit rikt program som går 4 dagar til ende. På heimesida til Vårsøghelga finn du detaljert info om heile programmet, med tidspunkt og billettprisar.