Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Vårsøghelga: Kleivaprisen 2022 til Sigrid Vetleseter Bøe

Jon Olav Ørsal Laurdag 28. mai 2022

I samband med Kleivakvelden er det lang tradisjon for at Kleivafondet deler ut Kleivaprisen. Det var sjølvsagt knytt stor spenning til kven som skulle få Kleivaprisen.  Det er styret i Kleivafondet (Formannskapet) som tek den avgjerda etter innkomne forslag, og onsdag vart det altså bestemt at Sigrid Vetleseter Bøe skulle få prisen. Det var for klart at Sigrid var heime denne veka, men var på reisefot attende til Stockholm for å øve inn ei ny rolle. Difor vart det i all hemmelegheit arrangert eit møte der ho fekk prisen – litt på forskot. Men den offisielle utdelinga gikk altså føre seg på Kleiva under Kleivakvelden, der hennar søstre troppa opp og tok i mot prisen på hennar vegne.

I pressemeldinga vi har fått frå kulturetaten i Surnadal kommune står det om tildelinga og grunngjevinga for tildelinga av Kleivaprisen:
DIPLOMTEKST
Ein kulturberar med sterke lokale røter – og greiner med internasjonal rekkjevidde.

GRUNNGJEVING
Kleivaprisen 2022 går til ein utøvar som har nådd langt innan eit kulturfelt med svært høge krav til prestasjon. Sambygdingane har følgt utviklinga hennar sidan ho var lita jente, og ho har stått på mange lokale scener både før og etter ho reiste ut i den store verda.

Prisvinnaren er høgt utdanna i faget sitt, og ho har fått fleire prisar og utmerkingar i Noreg og utlandet for talentet og arbeidet sitt. Ho har hatt sentrale roller i store oppsetningar på store scener i Europa, men dei sterke røtene i heimkommunen, og ikkje minst heimbygda Bøfjorden, gjer at vi ofte får sjå og høyre henne her på Nordmøre også. Prisvinnaren har vore ein viktig bidragsytar til mange lokale prosjekt innan musikk og teater, med deltaking i alt frå Vårsøghelga, Lady Arbuthnott og stemningsfulle julekonsertar, til russerevyar. Dei siste åra har ho vore kunstnerisk leiar for Stangvikfestivalen og er ein av instruktørane for sommarakademiet som festivalen arrangerer saman med Operaen i Kristiansund, der unge songarar blir kursa i klassisk song.

Denne våren har ho gjort stor suksess i oppsetninga Bør Børson Jr., som har turnert i Trøndelag, og ho har kalenderen full av oppdrag i inn- og utland i tida framover.
Årets prisvinnar er ofte primadonna på scena, men denne veksande stjerna er heilt utan primadonnanykker, og viser stadig det sterke engasjementet sitt for kulturlivet i Surnadal.
Kleivaprisen 2022 går til operasongar og kulturberar Sigrid Vetleseter Bøe

Publisert: 28. mai 2022, 19:58