I ei pressemelding frå Vårsøghelga no på føremiddagen, blir vi informert om at søndag 26. mai klokka 12:00, blir ei markering av Alf Ramsøy og Edvard Fliflet Bræin, som båe ville ha fylt 100 år i 2024. Dette skjer på på Åsen bygdemuseum. Billettar blir selt ved inngangen, og kostar kroner 150,-.
Svein Sæter og Odd Williamsen gav i vinter ut boka «Den elegante musikanten, Edvard Fliflet Bræin 1924-1976». Dei to kjem til Åsen for å snakke om boka og om Edvard Fliflet Bræin.
Svein Sæter vil også saman med Ole Magne Ansnes mimre og fortelje om Alf Ramsøy (1924-2014) sitt liv og virke, med gode historier frå hans mangfoldige karriere, både som kulturperson og idrettsutøvar.
Det blir musikalske innslag med Robert Sztorc, som spelar perkusjon i Operaens sinfonietta i Kristiansund, og ved Lars Anders Bråten og Ole Magne Ansnes