Dagens orgelstafett i Todalen kyrkje var eit samarbeid mellom Vårsøghelga, NTNU og kyrkjesokna. I løpet av dagen er det arrangert orgelkonsertar i Mo kyrkje, Øye Kyrkje og Åsskard kyrkje i tillegg til her i Todalen kyrkje. Det er tilsaman 4 orgelsolistar som «turnerer» Surnadal kommune, og her ar det Patrick J. Pöppel og Johannes Høyland som sørga for orgeltonar til eit tjuetals tilhørande.

Orgelet i Todalen kyrkje er eit Torkildsenorgel frå 1932 – ombygd og utvida i av H. Brinck-Hansen i 1995. Foto Jon Olav Ørsal
Både patrick og Johannes har Åsskardbyggen Erling With Aasgaard som studierådgjevar på NTNU musikk. Johannes studerer på 3. året på batchler i kyrkjemusikk – han kjem frå Oslo, men har altså studieplass ved NTNU i Trondheim.
Patrick kjem fra München i Tyskland, og er her som utvekslingsstudent på NTNU musikk, og når han er ferdig her har han eit år att før han kan avslutte studiane i München. Patrick måtte lære seg norsk når han kom hit, og han takla språket utruleg bra etter så kort tid.
Nedafor har vi gjengitt stafettprogrammet for konserten i Todalen kyrkje – etter at dei to var ferdige i Todalen kyrkje gikk veien og stafettpinnen vidare til Øye kyrkje.