26. – 29. mai er det igjen duka for Vårsøghelg i Surnadal. Vårsøghelga 2022 har eit variert og innhaldsrikt program. Der Kleivakvelden, for mange, er sjølve høgdepunktet. I år blir Kleivakvelden arrangert på Kleiva laurdag 28. mai klokka 18:00. Her kan dei skilte med artistar som: Bjørn Tomren, Mahsa Vahdat, Henning Sommerro, John Pål Inderberg, Heine Bugge, VOX og Surnadal hornmusikk.
I tillegg blir det diktmønstring og sjølvsagt utdeling av Kleivaprisen. Søndag 29. mai kan vi få oppleve Todalspols i Slettneset, også eit arrangement i regi av Vårsøghelga. Dette kan du lese meir om her: Vårsøghelga – Todalspols i Slettneset
Fullstendig program på Vårsøghelga 2022 – Program
Billettar til Vårsøghelga kan du kjøpe på «Billettar til Vårsøghelga 2022»