Vårsøghelga startar alt fredag med Henningtimen i Svorkasalen – vidare gjennom helga vil programpostane kome slag i slag med Kleivakvelden som det største høgdepunktet. I år feirar Kleivkvelden 25-årsjubileum, og det vil bli skikkeleg markert. Det er egentlig rart å tenke på at det i år er 74 år sia fredsvåren 1945, da hans Hyldbakk skreiv teksta til songen «Vårsøg».
Kleivakvelden byr på mange kjente namn i programmet: Henning Sommerro, Sigrid Vetleseter Bøe, Anders Larsen, Torstein Snekvik med band, Surnadal Hornmusikk og John Pål Inderberg.
Elles er det eit variert program av høg klasse og dersom du klikkar på linken til heimesida så får du opp heile programmet og faktisk kan du klikke deg vidare til ekstra omtale av artistar eller programpostar du ønskjer å lese meir om.
Vårsøghelga rundar av søndag ettermiddag med konsert i Stangvik kyrkje kl. 18 – «E slåttatæja» med Mona Spigset og TrondheimSolistene.