I går kveld var rundt femten medlemmer frå Vårsøg 4H frå Surnadal på Todalsbesøk, for å besøke Start 4H. Dei to klubbane sine medlemmer vart oppdelt i sju lag, som konkurrerte i ei lokal utgåve av Mesternes Mester.
Øvingane det vart konkurert i var:
- Eggkasting – Her var det om å gjere å kaste egget til kvarandre på så lang avstand som mogleg, utan at egget gjekk istykker.
- Bokstavrebus – Her skulle medlemmene finne eit ord som kunne brukast på bålet. Ordet dei skulle finne var smuldrepai.
- Så skulle dei lage smuldrepaien og steike den på bålet.
- «Klisterhjerne» – Stå lengst mogleg på tå, samstundes som ein fekk sjå mange ting i tretti sekund, som ein etterpå skulle hugse så mange som mogleg av.
- Springe inn i skogen, for å finne så mange ting som mogleg, som det var mogleg å ete.
- Gjette kor mange godteribitar det var i eit glas med godteri.
Før Mesternes Mester tok til, hadde May Britt Skjortnes, frå Møre og Romsdal 4H, ei lita orientering om 4H til medlemmene.
Elles var det lagt opp til litt sosialt samvær for å bli kjent med kvarandre.
Nedanfor kan du sjå fleire bilete frå besøket i går kveld: