Det var mange kåte sprell da Ola Kvendset opna fjøsdøra laurdag, og ga dei 46 mjølkekyrne og kvigene hadde fri tilgang til å ta seg ut i luftegarden utafor fjøset. Sjølv om dei gjennom vinteren har hatt ein stor grad av fridom i lausdriftfjøset var det nok godt for dei å kome seg ut friluft – og til grønt gras.
Det vart litt springing – og litt knuffing til å begynne med, men dei roa seg ned ganske fort. Den kan no hende at det var så som så med kondisjonen også etter eit roleg tilvære i fjøset gjennom vinteren. No har dei iallfall ein lang, og forhåpentleg vis fin sommar å sjå fram til, der dei kan gå ut og inn som dei vil. Fjøsdøra blir nok ståande opa fram til hausten. Men dei må nok inn til roboten for å bli mjølka når det behovet melder seg.