Det er ein god tradisjon å lage vårslepp eller om du vil kalle det sommarfest for bebuarane på Surnadal sjukeheim. I år var det ikkje noko unntak, og fredag kunne bebuarar og betjening glede seg over nytt, stort partytelt som vart teke i bruk i samband med arrangementet.
Det er Surnadal Demensforening og helselag som har sørga for nye partytelt, og i dag var representantar både for Sunndal Sparebank og Sparebank1 Nordmøre invitert på vårtreff når telta skulle takast i bruk. Dei to bankane har nemleg vore sentral i samband med finansieringa i tillegg til Nasjonalforeininga for folkehelsa, og Lilly Gunn Nyheim takka på vegne av Surnadal Demensforening og helselag.
Kjøkkensjefen Jahn Gunnar Fosseide representerte arrangøren og kunne by på fleire innslag, både kulturelle og med praktisk informasjon. Bårshaugen barnehage som helt til rett i nabolaget kunne by på fleire songar og fekk mykje applaus.
Elles fortalte Ann Kristin Bruset om aktivitetane som gruppa «Treffast» organiserer frå Frivillighetssentralen. Vidare Fortalte Solveig Haglund om sin botaniske hagebruk og samarbeid med sjukeheimen.
Elles var Trine Glåmen der og orienterte om «Stikk Bort», som er ein lokal variant i slekt med StikkUT, berre at Stikk Bort foregår i nærmiljøet. På sama måte som StikkUT har også Stikk Bort vore ein formiddabel suksess, som samla godt over 3000 registreringa i området rundt Bårdshaugen.
Sølvsagt var det og traktering i tilknyting til arrangementet – på moderne vis vart det servert fingermat/kanapear og smoothie til både bebuarane og til andre gjestar som deltok på arrangementet, og bulgararen Ljubo Alexandrov sørga for taffelmusikk til maten og til allsongen både før og etter maten.
I framtida er nok bebuarane og pleiarane mindre avhengige av vêrtilhøva – i dei nye telta er det nemleg montert varmeelement, slik at ein no kan tøye utesesongen i begge retningar når trivselstiltak skal gjennomførast.